Vedtekter

vedtekter

Valestrand Hjellvik Supporterklubb

Stifta 23.03.2002
Valestrand Hjellvik Supporterklubb, refererast som VHSK. Valestrand Hjellvik Fotballklubb, refererast som VHFK.

§1 VHSK sitt formål er etter beste evne å støtte VHFK.
§1.1 Arbeidet skal bli prega av frivillig arbeid, demokrati, lojalitet og likeverd.
§1.2 Alle aktivitetar skal bygga på grunnverdiar som fellesskap, helse, sikkerheit, respekt og ærligdom.

§2 VHSK er ein frittståande interesseorganisasjon

§3 Medlemmer er alle med sympatiar for VHFK og som betaler medlemskontingent i VHSK.

§4 Styret har den absolutte utøvande og dømmande makt.
§4.1Styret er hovudansvarlig for å gå føre med eit godt eksempel ut frå VHSK sin visjon, verdier, mål og strategi.
§4.2 Styrets leder er aleine signaturansvarlig i supporterklubben.
§4.3 Styret har muligheit til å suspendere medlemmer som setter klubben i eit negativt søkelys. (Suspendere medlemmer får ikkje tilbakebetalt medlemskontingent)

§5 Det skal avhaldes årsmøte årlig, innan utgangen av februar.
§5.1 Årsmøte veljer nye styremedlemmar for 2 år og leiar for 1 år.
§5.2 Valkomiteen legg fram forslag til styresamansetting for godkjenning av årsmøte.
§5.3 Det bør være en viss kontinuitet i styret, derfor bør ca. halvparten av det sittande styret bli sittande ved nyval. Styremedlemmer som pga utanforliggande årsaker ikkje kan behalde vervet utover den dåverande perioden skal tas omsyn til av årsmøte.

§6 Årskontingent blir fastsett av styret og blir godkjent av årsmøte. Styremedlemmer betalar vanlig årskontingent

§7 Det er intill 2 namngjevne personar som skal ha tilgang til å disponere VHSK hovudkonto. I hovudsak vil det være leiar og kasserar, men styret skal utnemne ein person til som kan overta fullmakter i deira fråvær.
§7.1 Viss VHSK disponerer andre kontoar til for eksempel supporterutstyr, arrangement, etc, har styret fullmakt til å utnemne andre disponentar etter behov.
§7.2. Alt sal / innkjøp skal kunne dokumenterast med kvitteringar overfor kasserer.
§7.3 Alle større innkjøp skal på førehand bli godkjent av styret, minimum styrets leiar. Innkjøp utan styret godkjenning er ikkje VHSK sitt ansvar.
§7.4 Styret bør arbeide etter eit sikkerheitsprinsipp. Dvs. innkjøp foretas ikkje utan att det avsettes pengar på årets budsjett. (konto)

§8 Forandringar, sletting eller tillegg av paragrafer/regler i VHSK kan berre føretas av medlemmene ved 2/3 dels fleirtal på årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Dette gjeld også for vedtekter som gjeld for andre nye aktivitetar i framtida.

§9 VHSK skal fronte ein policy som innebærer nulltoleranse for alkohol under kamp

§10 Supporterklubben skal arbeide for sin særeigenheit der en stiller i dress på kamp.

Vedtekter 15.02.2018

 

Advertisements