
Skal ein tippa utfallet av søndagens lokalderby, så er det Fotlandsvåg som har statistikken på si side. B-laget til Valestrand Hjellvik har ikkje vunnet heime mot FIL på 8 år!
Det er lenge sidan b-laget har vunnet heime mot FIL, og 3-0 seieren i 2006 er faktisk den einaste seieren dei har på heimebane. Dei har tatt imot FIL 6 gongar på Furubakken, og 5 kampar har endt med seier til Fotlandsvåg. Det største nederlaget kom i 2005 når det blei heile 8-0 tap. Både Fotlandsvåg og VHFK 2 har alltid vore på samme nivå når begge spelte i 7.div, men det virkar som om FIL alltid får ekstra motivasjon av å spela på Furubakken og klarer å trekka det lengste strået tilslutt.
VHFK-FIL: 2003: 3-4 ,2004: 2-5, 2005: 0-8, 2006: 3-0, 2007: 2-3, 2011: 2-6
VHFK mål: 12 stk FIL mål: 26 stk Gj. mål pr kamp: 6,3
Fotlandsvåg satsa i 2011 som endte med opprykk til 6. div, og opprykk til 5.div i 2012. I 2013 blei det nedrykk til 6.div igjen. VHFK 2 blei også meir seriøse og etter at Henrik «Diego Simone» Nygaard tok over styringa, blei det eit historisk opprykk til 6.div i 2012. No er det Gisle Raknes som er sjef for b-laget, og skal forsøka å stoppa Fotlandsvåg sin gode statistikk på Furubakken.
Sjølv om VHFK 2 ikkje har statistikken på si side er det dei som har favorittstempelet før oppgjeret. Fotlandsvåg har mista nokre gode spelarar, og er i ein oppbyggingsfase. Dei ligg sist på tabellen med 3 poeng og har fire tap og ein seier i årets sesong. VHFK 2 har 9 poeng og har 3 kampar med seier ,og 3 med tap. B-laget har mange talentfulle ungguttar, fleire rutinerte spelarar på laget, og er klare favorittar i vertfall på papiret. Ingen av laga har klart å halde buret reint i årets sesong, og med 38 mål scora på 6 tidlegare oppgjer, ligg alt til rette for ein spennande kamp.
Vil få med deg eit heftig lokaloppgjer, så er Furubakken søndag kl.18:00 staden å vera!