Tag Archives: vhfk

Målkalas på Furubakken

 

IMG_8381

Valestrand Hjellvik knuste Erdal IL heile 9-1 i fina været på Furubakken. Valestrandsmannane var ikkje nådige mot laget frå Askøy.

10 år sidan sist
Ein måtte tilbake til 2004 sesongen for å finna sist gong VHFK og Erdal møtte kvarandre. Det året vant Valestrand Hjellvik 4-1 heime og slo Erdal 6-0 borte. Sesongen enda også med nedrykk for Erdal. På den tida spelte også Erdal med raude drakter, men no har dei tatt ein omvendt Cardiff City og har bytta til blå drakter. Om dei har blitt kjøpt opp av ein rik finansmann dei også er uvisst.

Nådelause Valestrandsmanna
Med kun ein 11-manns tropp og ingen innbyttarar såg det stygt ut for Erdal allerede før ballen blei sparka i gong. Øyvind Thomassen og Magnus Bru Reigstad var nådelause i sommarvarmen og putta to kvar.
I  2.omg var det også Bognøy show på Furubakken. Toppscoraren til A-laget scora eit ekte hat-trick på kun 19 min.

Tangerås stjal overskrifta
Det såg lenge ut som om hat-trick Bognøy skulle stjele overskrifta. Men tilslutt var det innbyttar Roy Harald Tangerås, som satte inn sitt første mål for a-laget. Og han feira likegodt med å banka inn eit mål til! Etter heilhjarta innsats i løpet av heile kampen i den intense varmen, kunne Valestrandsmannane jubla for 3 poeng ved kampslutt. Erdal må på si side handla inn nye spelarar i sommarens overgangsvindu, skal dei fortsatt spela i 5.div til neste år.

Funfact: Tangerås var berre 3 år når lagkamerat og fortsatt ungdom å rekna, Pål Kjetil Tufta debuterte på A-laget.

Neste kamp:
VHFK-Skjergard Lørdag 14.Juni kl.15:00

Skjergard

 

Møter Krabbetor for første gong

Krabbetor FK

Torsdag speler A-laget borte mot Krabbetor FK på Nygårdsmyren i Laksevåg. Dette er første gong i historia at a-laget til Valestrand Hjellvik skal spele mot Krabbetor. 

Krabbetor Fotballklubb har tilhald i Bergen, med utspring i miljøet av studentar og likesinna frå Dalsfjordområdet. (Krabbetor.com)

Krabbetor har ein ganske artig statistikk. Fordi laget har sidan dei blei stifta i 2007 enten rykka opp eller rykka ned.

2008: Opprykk til 6.div, 2009: Opprykk til 5.div, 2010: Opprykk til 4.div, 2011: Nedrykk til 5.div, 2012: Nedrykk til 6.div, 2013: Opprykk til 5.div.

Mitt tips er at Krabbetor verken rykker opp eller rykker ned i år, og vil spele i samme divisjonen to år på rad for første gong.

VHFK er i scoringsform og har 10-0 på dei to siste kampane. Krabbetor scorar masse mål dei også, men har sluppet inn nesten like mykje. Så det blir ny og spennande kamp på Nygårdsmyren torsdag kl.20:00.

Ta gjerne turen for å støtta heltane i svart og kvitt!

B-laget klar til å stoppa Fotlandsvåg

Fotlandsvåg il logo

Skal ein tippa utfallet av søndagens lokalderby, så er det Fotlandsvåg som har statistikken på si side. B-laget til Valestrand Hjellvik har ikkje vunnet heime mot FIL på 8 år!

Det er lenge sidan b-laget har vunnet heime mot FIL, og  3-0 seieren i 2006 er faktisk den einaste seieren dei har på heimebane. Dei har tatt imot FIL 6 gongar på Furubakken, og 5 kampar har endt med seier til Fotlandsvåg. Det største nederlaget kom i 2005 når det blei heile 8-0 tap. Både Fotlandsvåg og VHFK 2 har alltid vore på samme nivå når begge spelte i 7.div, men det virkar som om FIL alltid får ekstra motivasjon av å spela på Furubakken og klarer å trekka det lengste strået tilslutt.

VHFK-FIL: 2003: 3-4  ,2004: 2-5,  2005: 0-8,  2006: 3-0, 2007: 2-3, 2011: 2-6

VHFK mål: 12 stk FIL mål: 26 stk Gj. mål pr kamp: 6,3

Fotlandsvåg satsa i 2011 som endte med opprykk til 6. div, og opprykk til 5.div i 2012. I 2013 blei det nedrykk til 6.div igjen. VHFK 2 blei også meir seriøse og etter at Henrik «Diego Simone» Nygaard tok over styringa, blei det eit historisk opprykk til 6.div i 2012. No er det Gisle Raknes som er sjef for b-laget, og skal forsøka å stoppa Fotlandsvåg sin gode statistikk på Furubakken.

Sjølv om VHFK 2 ikkje har statistikken på si side er det dei som har favorittstempelet før oppgjeret. Fotlandsvåg har mista nokre gode spelarar, og er i ein oppbyggingsfase. Dei ligg sist på tabellen med 3 poeng og har fire tap og ein seier i årets sesong. VHFK 2 har 9 poeng og har 3 kampar med seier ,og 3 med tap. B-laget har mange talentfulle ungguttar, fleire rutinerte spelarar på laget, og er klare favorittar i vertfall på papiret. Ingen av laga har klart å halde buret reint i årets sesong, og med 38 mål scora på 6 tidlegare oppgjer, ligg alt til rette for ein spennande kamp.

Vil få med deg eit heftig lokaloppgjer, så er Furubakken søndag kl.18:00 staden å vera!

 

Valestrand Hjellvik i rute

IMG_8071

A-Laget fekk endeleg ein storseier i 5 divisjon, når dei vant 5-0 heime mot Skansens BK sist søndag. No ligg dei på ein sjetteplass med 10 poeng, og det er berre 2 poeng opp til Skjergard på førsteplass. VHFK har dessutan spelt 2 kampar mindre enn 3 av laga, som ligg over dei på tabellen. Ein kan trygt seie at dei ligg i rute med ambisjonane om å rykka rett opp til 4.divisjon igjen. Neste kamp er ikkje før 25 Mai borte mot Bjarg 2.

B-Laget kjempar i 6.divisjon og fekk også ein storseier når dei vant 6-1 heime mot Djerv 2 i forrige veke. Dei klarte å reisa seg etter det skuffande 3-2  tapet borte mot SK Mann kampen før. B-Laget ligg også på sjetteplass i si avdeling med 6.poeng. Claus Lundekvam sitt Bønes ligg på førsteplass med 10.poeng, men b-laget har også ein kamp meir spelt enn dei fleste i si avdeling. Det ser lyst ut for b-laget også,  og dei kjem nok til å kjempa på øvre halvdel av tabellen utover sesongen.

Neste kamp for b-laget er: Torsdag 15.Mai kl.19:00 heime mot Sleipner på Furubakken!

Legg også ved twitter reaksjonar frå A-lags seieren mot Skansens BK:

 

Alle medlemskort er sendt ut

A-laget er for øyeblikket på treningsleir i Barcelona, og gjer siste finpuss på formen før seriestart. Her heime har supporterklubben gjort ferdig medlemskonvoluttane for 2014. Dei har blitt sendt eller levert i postkassar. Er du usikker på om du fortsatt er medlem så er det berre til å ta kontakt med oss. Har du lyst til å melda deg inn, kjøpa sesongkort, så kan ein enkelt gjere det her på heimesida.