Tag Archives: valestrand hjellvik supporterklub

Møter Krabbetor for første gong

Krabbetor FK

Torsdag speler A-laget borte mot Krabbetor FK på Nygårdsmyren i Laksevåg. Dette er første gong i historia at a-laget til Valestrand Hjellvik skal spele mot Krabbetor. 

Krabbetor Fotballklubb har tilhald i Bergen, med utspring i miljøet av studentar og likesinna frå Dalsfjordområdet. (Krabbetor.com)

Krabbetor har ein ganske artig statistikk. Fordi laget har sidan dei blei stifta i 2007 enten rykka opp eller rykka ned.

2008: Opprykk til 6.div, 2009: Opprykk til 5.div, 2010: Opprykk til 4.div, 2011: Nedrykk til 5.div, 2012: Nedrykk til 6.div, 2013: Opprykk til 5.div.

Mitt tips er at Krabbetor verken rykker opp eller rykker ned i år, og vil spele i samme divisjonen to år på rad for første gong.

VHFK er i scoringsform og har 10-0 på dei to siste kampane. Krabbetor scorar masse mål dei også, men har sluppet inn nesten like mykje. Så det blir ny og spennande kamp på Nygårdsmyren torsdag kl.20:00.

Ta gjerne turen for å støtta heltane i svart og kvitt!

Advertisements

Alle medlemskort er sendt ut

A-laget er for øyeblikket på treningsleir i Barcelona, og gjer siste finpuss på formen før seriestart. Her heime har supporterklubben gjort ferdig medlemskonvoluttane for 2014. Dei har blitt sendt eller levert i postkassar. Er du usikker på om du fortsatt er medlem så er det berre til å ta kontakt med oss. Har du lyst til å melda deg inn, kjøpa sesongkort, så kan ein enkelt gjere det her på heimesida.