Tag Archives: tv2

OPPRYKK 2014!

Opprykk 2014

Valestrand Hjellvik FK knuste Erdal 5-0 og sendte VHFK tilbake til 4.divisjon.

Målscorarar: Simen Kallekleiv, Daniel Johansen, Magnus Bru Reigstad, Kristoffer Bognøy og Øyvind Thomassen.

 ”VHFK kom, tok 3 poeng, rykka opp og for heim!”
sitat: McArno the Kanel

Sjølv om opprykket ikkje blei sikra 100%, men kun 99,99999% ,så valte supporterane og laget å feira opprykk mandag kveld. Når supporterane hadde tatt med seg boblevatn og tv2 sporten stod på sidelinja, så blei ein berre nødt til å feira opprykk. Her kan du sjå tv2 innslaget og andre reaksjonar på opprykket: