Tag Archives: supporterklubben

Ny musikkvideo frå Supporterklubben

supporterklubb youtube
Medan Valestrand Hjellvik ligg i hardtrening til å komma i knallform til årets sesong, er det også litt liv i supporterklubben.

Supporterklubben har nemleg blåst liv i ein god gammal slager frå «Bombay TV»(ekstern link), som supporterar og folk rundt Valestrand Hjellvik var veldig glad i for ein god del år tilbake.

Det var spesielt ein video som blei laga med humor, men som tilslutt blei til ein supportersong som me song på kampane også. Enkelte blei så glade i videoen at dei og lasta den ned på mp3, og spelte den på full guffe på borteturar i tillegg. Den kompliserte dansinga i videoen blei også innøvd.

No har me «pussa den opp» sånn at me kan dra nytte av både song og video i årets sesong.

Advertisements

Slo Skjergard på bortebane

Rundt 50 supportera tok turen til Øygarden for å sjå a-laget til VHFK spela mot Skjergard. Valestrand Hjellvik vant oppgjeret 2-0 etter scoringar av Daniel «Briljansen» Johansen, og Magnus Bru Reigstad.
Her er eit lite klipp frå innmarsjen:

Alle medlemskort er sendt ut

A-laget er for øyeblikket på treningsleir i Barcelona, og gjer siste finpuss på formen før seriestart. Her heime har supporterklubben gjort ferdig medlemskonvoluttane for 2014. Dei har blitt sendt eller levert i postkassar. Er du usikker på om du fortsatt er medlem så er det berre til å ta kontakt med oss. Har du lyst til å melda deg inn, kjøpa sesongkort, så kan ein enkelt gjere det her på heimesida.

Klar for 2014 sesongen!

No kan du kjøpa sesongkort for 2014. All inntekt går til Valestrand Hjellvik FK, men det er supporterklubben som har tatt på seg ansvaret med salg og distribusjon. Sesongkortet kostar 400kr ,eller 350kr for nye medlemmar i supporterklubben, og for dei som fortsatt er medlemmar og fekk medlemskort i fjor. Sesongkorthaldarar får også gratis kaffi på heimekampane.

Valestrand Hjellvik Supporterklubb