VHFK og Osterøy IL spelte treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen lørdag 31 Jan. Det blei heile 4-0 til Frank Hansen sine Valestrandsmanna, mot eit ungt Osterøy lag. Scoringar og høgdepunkt frå kampen ser du her i youtube videoen:
På lørdag kl.13:30 skal Valestrand Hjellvik og Osterøy spela treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen.
Begge laga har også spelt kvar sin kamp i Hordalandsfotball sin Vinterserie. Osterøy og VHFK er ikkje i same pulje. Osterøy er i pulje med Gneist,Nymark og NHH 2, og VHFK er i pulje med NBK, Radøy/Manger og Flaktveit. Osterøy tapte først sin kamp 4-1 heime mot 5 div laget NHH 2, mens VHFK klarte å slå 4.div laget NBK 2-1 heime på Furubakken. Begge lag har 2 kampar igjen og kan også møta kvarandre i ein eventuell semifinale eller finale i byrjinga av mars, viss dei begge går vidare frå gruppespelet.
Men no brakar det altså laus i Vestlandshallen på lørdag. Det blir nok ein forrykande kamp mellom to rivalar som absolutt ikkje vil tapa mot kvarandre. I følgje VHFK journalisten, får ein kanskje sjå nye folk på prøvespel for VHFK i tillegg. Berre til å ta turen til Vestlandshallen kl.13:30 og ta med deg alt som kan krypa og gå for å støtta Valestrands mannane!
Terminlista for A-laget er no lagt ut på Hordaland fotballkrets sine sider. Valestrand Hjellvik speler sin første kamp for sesongen borte mot Djerv, lørdag 11 april på Møhlenpris i Bergen. Ein bra plass for å heia sidan det er tribune med tak, og fordi det ljomar noko vanvittig i heile nabolaget. Ein fantastisk plass å åpna sesongen på! Første heimekamp er lørdag 18.april, mot Askøylaget Follese på Furubakken.
Første kamp mot Osterøy er lørdag 20. Juni på Hatland. Heimekampen er satt til 10 Oktober heime på Furubakken, som er nest siste kamp for sesongen. Dei fleste kampane i årets sesong blir spelt på lørdagar.
Funfact: I dag er det nøyaktig 14 år, 5 månader og 18 dagar sidan sist Osterøy tok 3 poeng mot VHFK.
Foto: Odd Løvset
Einaste minuset med terminlista er at bortekampen mot Voss er satt til siste kamp i oktober, og på ein søndag. Bortekampen mot Voss hadde passa ypperleg som «Årets bortetur». Ellers må diskutera muligheita for å legga seg inn på hotell frå lørdag til søndag, viss ein velger denne kampen som årets bortetur. Uansett så blir det ein veldig spennande sesong!
Trykk på bildet for å sjå alle kampane, og stem gjerne på avstemminga under bildet.