Tag Archives: Opprykk

B-lags mannane i 5.div

IMG_6890

Ikkje berre rykka A-laget rett opp igjen til 4.div i år, men forrige veke rykka B-laget opp i 5.divisjon, når dei slo Søre Neset/Nore Neset 3-2 borte og 4-2 samanlagt i kvalifiseringskampane.

VHFK 2 vant første kamp 1-0 på heimebane og hadde sikra seg eit godt utgangspunkt i bortemøte mellom laga. Søre Neset opna best og gjekk tidleg opp i 1-0 leiing, som gjorde dei mange oppmøte VHFK supporterane litt nervøse. Keeper Ruben Almås, som haldt nullen i heimekampen måtte bytast ut tidleg i 1.omg pga. strekk, og blei erstatta av keeperlegenda Robert Eikeland.

Etter 35.min reduserte Magnus Bru Reigstad til 1-1 som betydde at Søre Neset måtte vinna med 2 mål. Søre Neset la på til 2-1 i 2.omg, men det blei vanskeleg for dei å jaga scoring, samtidig som dei måtte desperat unngå baklengs. Og i det 77´og 83´min tok VHFK over, og det var klart for Magnus Bru Reigstad show på Søre Neset idrettsplass,. Dødball-kongen scorte to mål til, og fekk eit ekte hat-trick i kampen. Ein fin avslutning på sesongen for den sympatiske karen frå Vardalen, som har dominert på bana både i 5. og 6.div i år, og ikkje minst scora haugevis med mål.

Ein fin avslutning var det også for B-laget som var disiplinerte og kjempa knallhardt i begge kampane, og kunne tilslutt feira eit fortjent opprykk. Manager Gisle Raknes(bildet) var også storfornøgd etter å ha leda laget opp i 5.divisjon!

gisle

Startellever:
IMG_6881
Benytta reserver:
Robert Eikeland og Øyvind Revheim.

Kampfakta:
Opprykkskvallik til 5 div (Kamp 2 av 2)
Ons 29 okt , Søre Neset Idrettsplass

Søre Neset/Nore Neset – Valetrand Hjellvik 2: 2-3 (1-1)
Samanlagt: 2-4

Mål: 1-0 Preben Knutsen (12.), 1-1 Magnus Bru Reigstad (35.) , 2-1 Arvid Rabben (65.), 2-2 Bru Reigstad (77.), 2-3 Bru Reigstad (83.)

Advertisements

OPPRYKK 2014!

Opprykk 2014

Valestrand Hjellvik FK knuste Erdal 5-0 og sendte VHFK tilbake til 4.divisjon.

Målscorarar: Simen Kallekleiv, Daniel Johansen, Magnus Bru Reigstad, Kristoffer Bognøy og Øyvind Thomassen.

 ”VHFK kom, tok 3 poeng, rykka opp og for heim!”
sitat: McArno the Kanel

Sjølv om opprykket ikkje blei sikra 100%, men kun 99,99999% ,så valte supporterane og laget å feira opprykk mandag kveld. Når supporterane hadde tatt med seg boblevatn og tv2 sporten stod på sidelinja, så blei ein berre nødt til å feira opprykk. Her kan du sjå tv2 innslaget og andre reaksjonar på opprykket:

Kan rykka opp på mandag

valestrand

Ein skal ikkje feira opprykk før det er umulig for andre lag å gå forbi. Men med seier eller uavgjort mot Erdal på mandag, så kan kanskje a-laget til Valestrand Hjellvik FK feira opprykk.

Kun første og andre plass rykker rett opp. Vestsiden-Askøy IL slo Skansens BK 4-3 søndag, og sikra dermed 4.div kontrakt til neste år. Skansens har ikkje ein teoretisk sjanse for å rykka opp lengre.
Photo 28.09.14, 23.01.38

VHFK har to utfordrarar til opprykk, sjøl om det skal veldig mykje til for at det ikkje blir 4.div spel på Furubakken til neste år. Askøy FK kan maksimalt få 45p i år og Smørås 2 kan maks få 48p, viss dei vinn resten av kampane sine. Men Smørås sitt a-lag i 3 div kan bli nedrykksklar på mandag før VHFK skal i aksjon, og dermed kan ikkje Smørås 2 rykka opp uansett. Difor kan minimum 1 poeng mot Erdal og 46p totalt, vera nok til at opprykket er klart allerede på mandag.

Kampstart er 20:00 på Erdal idrettsplass på Askøy.

Sjå straffescoringa til Øyvind Thomassen i 3-1 seieren mot Krabbetor forrige kamp, og abonner gjerne på youtube kanalen vår: