Bli med oss i 2016, peis!

IMG_8960.JPG

Fjoråret gav oss mange gode minner og no er planlegginga av 2016 sesongen i full gang.

Første fase er sjølvsagt medlemskap, og alle betalande medlemmar i 2015 har no fått faktura for 2016 på enten e-mail eller i posten. Var du medlem i fjor og har ikkje fått faktura, eller lurer på noko angåande medlemskap? Ta kontakt her.

Har du ikkje vore medlem før, men vil gjerne støtta supporterklubben sitt arbeid med å skapa engasjement rund VHFK sine kampar, kan du enkelt melda deg inn på «Bli Medlem” sida vår. Eit enkelt medlemskap kostar kun 125kr og 250kr for familiemedlemskap.

I fjor hadde me 132 betalande medlemmar og målet for 2016 er å komma opp igjen på 200-talet igjen. Valestrand Hjellvik Supporterklubb er Hordalands nest største supporterklubb, etter Brann Bataljonen.

Så kort oppsummert: Meld deg inn i supporterklubben, peis!

Valestrand Hjellvik Supporterklubb

 

 

Oppvarming på Osterøykroa lørdag frå kl.12:00!

1002-400x500

På lørdag kan både Valestrand Hjellvik , Osterøy og nøytrale supporterar samla seg på Osterøykroa i Lonevåg som ligg ca 1 km frå Fugledalen kunstgras.

Kroa åpner vanlegvis litt seinare, men har  bestemt seg for åpna litt tidlegare, pga den TV2 sendte «Grasrotkampen» mellom Osterøy og Valestrand Hjellvik kl.16:00.

osterøy vhfk

foto: Hordalandsfotball (2013)

VHFK supporterane vil også benytte tida til å finjustera stemmene sine, for å gjera ein best mogeleg vokal prestasjon under kampen. Så her er det berre til å henga seg med. Både mat, is, og leskedrikk sel dei som ein kan kosa seg med i finaværet.

Kroa er åpen for alle og ein må ikkje vera redd for å ta turen frå 12:00 og utover!

Klar for sesongstart mot Djerv!

10856690_823380634395662_4966557658079979936_o

Foto: Hordalandsfotball

På lørdag kl.15:00 brakar det laus på Møhlenpris idrettsplass i Bergen. Då får nemleg SK Djerv storfint av ekte Valestrandsmanna.

Dette er faktisk første gong sidan 2009 sesongen at Valestrand Hjellvik speler seriestarten på bortebane. På byrjinga av 2000-talet var VHFK veldig ustabile i serieåpninga og hadde kun ein seier frå 99´til 2004. Men på dei siste 10 åra har dei 6 sigrar, 2 uavgjorte og 2 tap.

Forrige gong VHFK spelte mot Djerv var i opprykksåret 2010, når Djerv blei slått 3-1 på Møllaren. Det var også denne seireren som ga VHFK trua på opprykk det året, når dei overbeviste mot eit knallsterkt Djerv lag som spesielt var gode på heimebane.

Kampen gjekk også inn som ein av dei beste kampane frå supporterane si side, når VHFK blei piska til seier med songar i 2x45min. I år skal me prøve å gjere det same, med hjelp frå den fantastiske akustikken på Møhlenpris.

Foto:

Foto:

Oppvarming på Fotballpuben
Reiser du frå Valestrand så satsar ein gjeng med å reise med 10:45 ferja, og etterpå marsjera til fotballpuben som allerede er open frå kl.09:00. Me varmar opp med song og badnafakte på fotballpuben og så reiser me bort til Møllaren i god tid før kamp etterpå.

Vel møtt til kamp!

 

Gneist blei for sterke i finalen

IMG_8492

Det blei stortap for Valestrand Hjellvik borte mot Gneist i Vinterseriefinalen tirsdagskveld. Begge laga hadde gjort det sterkt i gruppespelet og VHFK hadde heile 22-2 i målforskjell før laga møtte kvarandre på Liland kunstgress. Men i finalekampen var Gneist fleire hakk bedre enn VHFK, og vant tilslutt 5-1 mot dei svarte og kvite. Tonny Tysenes blei einaste målscorar for Valestrand Hjellvik. Dette var også 3 året på rad at Gneist gjekk sigrande ut av denne turneringa.

Til tross for at det ikkje blei seier i finalen, så har det vore veldig kjekt for oss supportera å følgje VHFK i Hordalandsfotball sin Vinterserie. Ikkje berre har det blitt masse mål og god underhaldning, men det har også vore ein god måte å komma i gang med supporterarbeidet for 2015 sesongen. No gler me oss til sesongstart borte mot Djerv 11 April!

Valestrand Hjellvik sine kampar i Vinterserien 2015:

Gruppespel:
VHFK – Nordhordland (4.div): 2-1
VHFK – Radøy/Manger (5.div): 8-0
VHFK – Flaktveit (5.div): 8-0
Semifinale:
VHFK – Smørås (4.div): 4-1
Finale:
Gneist(4.div) – VHFK: 5-1

Ny video: Høgdepunkt frå VHFK – Osterøy IL: 4-0

supporterklubb youtube

VHFK og Osterøy IL spelte treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen lørdag 31 Jan. Det blei heile 4-0 til Frank Hansen sine Valestrandsmanna, mot eit ungt Osterøy lag. Scoringar og høgdepunkt frå kampen ser du her i youtube videoen:

Husk og abonner på kanalen vår!