Pressemelding: Årets viktigaste kamp; Vhsk -Vhfk, blir spelt lørdag 08.11 2014kl. 12.23. Obs! Nytt tidspunkt i år.
Det blir vanlige reglar og ca. 2×20 min.
Supporterlaget skal sjølvsagt ha ei trening før kampen, dersom været blir betre. Det kjem nok Manager Van Emil «Gal» Hartveit med nærmare beskjed om. Ein av dei store spelarane frå fjorårets kamp, Jonas Kong-Zahl har visstnok vorte tiltenkt ei svært sentral rolle i årets kamp, utan at manageren vil røpa meir om det.
Det skal jo også velgast fire straffeskyttara som skal ta straffene før kampstart for å utjevne divisjonsforskjellen, og det kan være at det er i forbindelse med dette at Kong-Zahl sitt navn er blitt nevnt.

I år har som kjent A-laget stjelt fleire supportara i kampen for opprykk. Dei får sjølvsagt ikkje lov å bruke desse spelarane i denne kampen. I utgangspunktet har A-laget i følge regelverket kun lov å nytta spelara som har starta kamp for A-laget i frå seriestart og fram til 1. september. Her kan A-laget til ein viss grad søke om dispensasjon og til ein endå vissare grad få innvilga søknad. Dersom dei ikkje får innvilga søknad kan dei ta ein Loddefjord/NBK men protesten vært mest sannsynlig automatisk makulert pga bevisets stilling.

Årets dommar vært satt opp av FIFA få timer før kamp. Dette for å unngå at A-laget skal bestikke dommaren, som var tilfelle fleire år på rad då Super-Ray var lagleder. Det har i ettertid kome fram at det visstnok skal ha vore Paal Maal som skal ha gått bak ryggen på lagledaren og forsynt dommaren med allslags herlighetar og overdådige freistingar. At det no er nettopp nevnte Hr.Maal som er lagledar gjer sjølvsagt sitt til at FIFA vel å halda korta heilt innåt nussen.

Det er mykje spørsmål og ikkje på langt nær like mange svar; Kan dette være eit år for historiebøkene? Kan Vhfk for fyrste gong i historien ta med seg pokalen? Er Vhsk svekka grunna dårlig treningsgrunnlag?
Vært da linjedommara? Får Tom «Saksespark» Sivertsen rødt kort før kampstart pga at han et opp all frukten?
Uansett; Må kobma. Da va altså samme dag som Årets Fest i Kongshall. Tidspunkt for kampstart: 12.23.
Vyrdsam helsing
Funderande hjelpalaustrenar,
Pressemelding- og Juice -ansvarlig,
McArno The Kanel