Category Archives: B-Laget

B-lags mannane i 5.div

IMG_6890

Ikkje berre rykka A-laget rett opp igjen til 4.div i år, men forrige veke rykka B-laget opp i 5.divisjon, når dei slo Søre Neset/Nore Neset 3-2 borte og 4-2 samanlagt i kvalifiseringskampane.

VHFK 2 vant første kamp 1-0 på heimebane og hadde sikra seg eit godt utgangspunkt i bortemøte mellom laga. Søre Neset opna best og gjekk tidleg opp i 1-0 leiing, som gjorde dei mange oppmøte VHFK supporterane litt nervøse. Keeper Ruben Almås, som haldt nullen i heimekampen måtte bytast ut tidleg i 1.omg pga. strekk, og blei erstatta av keeperlegenda Robert Eikeland.

Etter 35.min reduserte Magnus Bru Reigstad til 1-1 som betydde at Søre Neset måtte vinna med 2 mål. Søre Neset la på til 2-1 i 2.omg, men det blei vanskeleg for dei å jaga scoring, samtidig som dei måtte desperat unngå baklengs. Og i det 77´og 83´min tok VHFK over, og det var klart for Magnus Bru Reigstad show på Søre Neset idrettsplass,. Dødball-kongen scorte to mål til, og fekk eit ekte hat-trick i kampen. Ein fin avslutning på sesongen for den sympatiske karen frå Vardalen, som har dominert på bana både i 5. og 6.div i år, og ikkje minst scora haugevis med mål.

Ein fin avslutning var det også for B-laget som var disiplinerte og kjempa knallhardt i begge kampane, og kunne tilslutt feira eit fortjent opprykk. Manager Gisle Raknes(bildet) var også storfornøgd etter å ha leda laget opp i 5.divisjon!

gisle

Startellever:
IMG_6881
Benytta reserver:
Robert Eikeland og Øyvind Revheim.

Kampfakta:
Opprykkskvallik til 5 div (Kamp 2 av 2)
Ons 29 okt , Søre Neset Idrettsplass

Søre Neset/Nore Neset – Valetrand Hjellvik 2: 2-3 (1-1)
Samanlagt: 2-4

Mål: 1-0 Preben Knutsen (12.), 1-1 Magnus Bru Reigstad (35.) , 2-1 Arvid Rabben (65.), 2-2 Bru Reigstad (77.), 2-3 Bru Reigstad (83.)

Advertisements

B-laget styrer mot opprykk til 5.div

Søre Neset Heima
Opprykkskvallik til 5 div:
Valetrand Hjellvik 2 – Søre Neset/Nore Neset: 1-0 (1-0)
Lør 25 okt 15:00, Furubakken Stadion
Mål: 1-0 Sjølvmål (11.)

B-laget blei tidleg satt på prøve når Søre Neset var farleg frampå etter kun 5 min. Men ein flott beinparade av keeper Ruben Almås hindra scoring til bortelaget. I staden var det VHFK som gjekk opp i leiinga. Mats Solberg slår ein corner hardt inn mot mål, og ein Søre Neset spelar er uheldig og set ballen i eige nett.

IMG_8439

Utover i andre omg er det Søre Neset som jagar mest for utleiing, og det hadde ikkje vore ufortent med poengdeling. Men med solid keeperspel frå Ruben Almås, og eit Valestrandslag som jobba knallhardt heile kampen, blei det ikkje noko scoringar for Søre Neset. Og B-laget har no eit bra utgangspunkt når returkampen blir spelt på Søre Neset Idrettsplass, onsdag 29 okt kl.19:00

Ta turen til Os og få med deg denne kampen som kan enda med eit historisk opprykk til 5.div for VHFK 2!

Startellever:
IMG_6811
Benytta reservar: Øyvind Revheim, Emil Hosøy & Jonas Raknes.

Uavgjort for B-laget mot Flaktveit 2

IMG_8400

6.div avd 04. Flaktveit 2 – Valestrand Hjellvik 2 Res: 1-1

Emil Hosøy(bildet) scora målet som sikra 1 verdifullt poeng borte mot Flaktveit 2. B-laget til Valestrand Hjellvik kjempar om å komme på kvalikkplassen i avdelinga si, for å ha muligheita til å rykka opp dei også. Viss alt går etter planen så har VHFK eit a-lag i 4.div og eit b-lag i 5.div i 2015.

Einaste utfordrar er Sleipner som ligg 2 poeng over dei på tabellen, før begge lag skal møta kvarandre no på lørdag. NHH 3 og Flaktveit 2 kan ikkje rykka opp, sidan begge allereie har eit første og andre lag i 5.divisjon.

Sleipner SF – Valestrand Hjellvik 2 ,Lør 13:00 på Nygårdsmyren Idrettsplass.

VHFK 2 slo endeleg Fotlandsvåg

B laget Fotlandsvåg il

Furubakken: VHFK 2 – Fotlandsvåg IL 3-1 (1-0) Publikum: ca 110

1-0 Jonas Hauge, 2-0 Henrik Horsås, 2-1 Aleksander Vik (FIL), 3-1 Daniel Johansen

B-laget hadde ikkje vunnet heime mot Fotlandsvåg sidan 2006, og klarte endeleg å få sin seier søndagskveld. Ein Jonas Hauge i scoringsform kombinerte flott med Henrik Horsås, og gav VHFK ledelsen rett før pause. To minutter ut i 2.omg sendte Horsås VHFK opp i 2-0 ledelse. Ikkje lenge etterpå var det Fotlandsvåg sin tur. Aleksander Vik klinte ballen i krysset, og det stod 2-1. Daniel Johansen blei siste målscorar med si 3-1 scoring. Fotlandsvåg hadde også ein stor sjanse nokre minuttar før slutt, når Øyvind Tysse var aleine igjennom. Men heldigvis stoppa keeper Stian Grane Vassdal skuddet, som også gjorde det veldig bra mellom stengene til b-laget i dag. B-laget kjempa hardt gjennom heile kampen og tok tilslutt ein velfortjent seier.

Dette var også b-laget sin 3 strake seier, som no ligg på 4.plass i 6.div avd.04. Neste kamp: Tirsdag 3 Juni mot Tertnes 2 kl.20:00 på Åstveit.

B-laget klar til å stoppa Fotlandsvåg

Fotlandsvåg il logo

Skal ein tippa utfallet av søndagens lokalderby, så er det Fotlandsvåg som har statistikken på si side. B-laget til Valestrand Hjellvik har ikkje vunnet heime mot FIL på 8 år!

Det er lenge sidan b-laget har vunnet heime mot FIL, og  3-0 seieren i 2006 er faktisk den einaste seieren dei har på heimebane. Dei har tatt imot FIL 6 gongar på Furubakken, og 5 kampar har endt med seier til Fotlandsvåg. Det største nederlaget kom i 2005 når det blei heile 8-0 tap. Både Fotlandsvåg og VHFK 2 har alltid vore på samme nivå når begge spelte i 7.div, men det virkar som om FIL alltid får ekstra motivasjon av å spela på Furubakken og klarer å trekka det lengste strået tilslutt.

VHFK-FIL: 2003: 3-4  ,2004: 2-5,  2005: 0-8,  2006: 3-0, 2007: 2-3, 2011: 2-6

VHFK mål: 12 stk FIL mål: 26 stk Gj. mål pr kamp: 6,3

Fotlandsvåg satsa i 2011 som endte med opprykk til 6. div, og opprykk til 5.div i 2012. I 2013 blei det nedrykk til 6.div igjen. VHFK 2 blei også meir seriøse og etter at Henrik «Diego Simone» Nygaard tok over styringa, blei det eit historisk opprykk til 6.div i 2012. No er det Gisle Raknes som er sjef for b-laget, og skal forsøka å stoppa Fotlandsvåg sin gode statistikk på Furubakken.

Sjølv om VHFK 2 ikkje har statistikken på si side er det dei som har favorittstempelet før oppgjeret. Fotlandsvåg har mista nokre gode spelarar, og er i ein oppbyggingsfase. Dei ligg sist på tabellen med 3 poeng og har fire tap og ein seier i årets sesong. VHFK 2 har 9 poeng og har 3 kampar med seier ,og 3 med tap. B-laget har mange talentfulle ungguttar, fleire rutinerte spelarar på laget, og er klare favorittar i vertfall på papiret. Ingen av laga har klart å halde buret reint i årets sesong, og med 38 mål scora på 6 tidlegare oppgjer, ligg alt til rette for ein spennande kamp.

Vil få med deg eit heftig lokaloppgjer, så er Furubakken søndag kl.18:00 staden å vera!

 

B-laget redda 17 mai!

b lags manageren

Valestrand Hjellvik 2 – Sleipner Sportsforening: 4-3 , Furubakken Stadion

Det var satt store spørsmålstegn før b-laget sin kamp mot Sleipner. Den uavhengige supporter fanzina, “The Black & White army” hadde på førehand  sådd tvil om b-laget hadde evnene til å stå i mot det store presset. Ein seier før 17 mai feiringa på Valestrand er sjølvsagt svært viktig for for bygda. B-lags manager, Raknes(bildet) kunne på pressekonferansen i banehuset før kampen, roa ned journalistar og forsikra alle om at laget hans kom til å gje alt. Og det gjorde VHFK 2, som takla presset godt og leverte som dei hadde lova med 4-3 seier. Alle 3 poenga blei igjen på Furubakken , og dermed blir det skikkelig 17 Mai feiring på Valestrand.

Valestrand Hjellvik oppfordrar alle over barneskule alder (8.klasse og oppover) om å gå bak flagget/fana til klubben på 17 mai. Ein må gjerne ha med seg eit skjerf når ein går også. 

Ha ein riktig god 17 mai alle saman!

Mai_09 061 kopi