Category Archives: A-Laget

Klar for sesongstart mot Djerv!

10856690_823380634395662_4966557658079979936_o

Foto: Hordalandsfotball

På lørdag kl.15:00 brakar det laus på Møhlenpris idrettsplass i Bergen. Då får nemleg SK Djerv storfint av ekte Valestrandsmanna.

Dette er faktisk første gong sidan 2009 sesongen at Valestrand Hjellvik speler seriestarten på bortebane. På byrjinga av 2000-talet var VHFK veldig ustabile i serieåpninga og hadde kun ein seier frå 99´til 2004. Men på dei siste 10 åra har dei 6 sigrar, 2 uavgjorte og 2 tap.

Forrige gong VHFK spelte mot Djerv var i opprykksåret 2010, når Djerv blei slått 3-1 på Møllaren. Det var også denne seireren som ga VHFK trua på opprykk det året, når dei overbeviste mot eit knallsterkt Djerv lag som spesielt var gode på heimebane.

Kampen gjekk også inn som ein av dei beste kampane frå supporterane si side, når VHFK blei piska til seier med songar i 2x45min. I år skal me prøve å gjere det same, med hjelp frå den fantastiske akustikken på Møhlenpris.

Foto:

Foto:

Oppvarming på Fotballpuben
Reiser du frå Valestrand så satsar ein gjeng med å reise med 10:45 ferja, og etterpå marsjera til fotballpuben som allerede er open frå kl.09:00. Me varmar opp med song og badnafakte på fotballpuben og så reiser me bort til Møllaren i god tid før kamp etterpå.

Vel møtt til kamp!

 

Advertisements

Gneist blei for sterke i finalen

IMG_8492

Det blei stortap for Valestrand Hjellvik borte mot Gneist i Vinterseriefinalen tirsdagskveld. Begge laga hadde gjort det sterkt i gruppespelet og VHFK hadde heile 22-2 i målforskjell før laga møtte kvarandre på Liland kunstgress. Men i finalekampen var Gneist fleire hakk bedre enn VHFK, og vant tilslutt 5-1 mot dei svarte og kvite. Tonny Tysenes blei einaste målscorar for Valestrand Hjellvik. Dette var også 3 året på rad at Gneist gjekk sigrande ut av denne turneringa.

Til tross for at det ikkje blei seier i finalen, så har det vore veldig kjekt for oss supportera å følgje VHFK i Hordalandsfotball sin Vinterserie. Ikkje berre har det blitt masse mål og god underhaldning, men det har også vore ein god måte å komma i gang med supporterarbeidet for 2015 sesongen. No gler me oss til sesongstart borte mot Djerv 11 April!

Valestrand Hjellvik sine kampar i Vinterserien 2015:

Gruppespel:
VHFK – Nordhordland (4.div): 2-1
VHFK – Radøy/Manger (5.div): 8-0
VHFK – Flaktveit (5.div): 8-0
Semifinale:
VHFK – Smørås (4.div): 4-1
Finale:
Gneist(4.div) – VHFK: 5-1

Ny video: Høgdepunkt frå VHFK – Osterøy IL: 4-0

supporterklubb youtube

VHFK og Osterøy IL spelte treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen lørdag 31 Jan. Det blei heile 4-0 til Frank Hansen sine Valestrandsmanna, mot eit ungt Osterøy lag. Scoringar og høgdepunkt frå kampen ser du her i youtube videoen:

Husk og abonner på kanalen vår!

Lokalderby i Vestlandshallen

Foto: Odd Løvset

Foto: Odd Løvset

På lørdag kl.13:30 skal Valestrand Hjellvik og Osterøy spela treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen.

Begge laga har også spelt kvar sin kamp i Hordalandsfotball sin Vinterserie. Osterøy og VHFK er ikkje i same pulje. Osterøy er i pulje med Gneist,Nymark og NHH 2, og VHFK er i pulje med NBK, Radøy/Manger og Flaktveit.  Osterøy tapte først sin kamp 4-1 heime mot 5 div laget NHH 2, mens VHFK  klarte å slå 4.div laget NBK 2-1 heime på Furubakken. Begge lag har 2 kampar igjen og kan også møta kvarandre i ein eventuell semifinale eller finale i byrjinga av mars, viss dei begge går vidare frå gruppespelet.

Men no brakar det altså laus i Vestlandshallen på lørdag.  Det blir nok ein forrykande kamp mellom to rivalar som absolutt ikkje vil tapa mot kvarandre. I følgje VHFK journalisten, får ein kanskje sjå nye folk på prøvespel for VHFK i tillegg. Berre til å ta turen til Vestlandshallen kl.13:30 og ta med deg alt som kan krypa og gå for å støtta Valestrands mannane!

VHFK Journalisten

 

 

VHFK sesongåpner mot Djerv

øystese vhfk 2011

4 Div menn, Avd 01

Terminlista for  A-laget er no lagt ut på Hordaland fotballkrets sine sider. Valestrand Hjellvik speler sin første kamp for sesongen borte mot Djerv, lørdag 11 april på Møhlenpris i Bergen. Ein bra plass for å heia sidan det er tribune med tak, og fordi det ljomar noko vanvittig i heile nabolaget. Ein fantastisk plass å åpna sesongen på! Første heimekamp er lørdag 18.april, mot Askøylaget Follese på Furubakken.

1295-400x500

Første kamp mot Osterøy er lørdag 20. Juni på Hatland. Heimekampen er satt til 10 Oktober heime på Furubakken, som er nest siste kamp for sesongen. Dei fleste kampane i årets sesong blir spelt på lørdagar.

Funfact: I dag er det nøyaktig 14 år, 5 månader og 18 dagar sidan sist Osterøy tok 3 poeng mot VHFK

Foto: Odd Løvset

Foto: Odd Løvset

Einaste minuset med terminlista er at bortekampen mot Voss er satt til siste kamp i oktober, og på ein søndag. Bortekampen mot Voss hadde passa ypperleg som «Årets bortetur».  Ellers må diskutera muligheita for å legga seg inn på hotell frå lørdag til søndag, viss ein velger denne kampen som årets bortetur. Uansett så blir det ein veldig spennande sesong!

Trykk på bildet for å sjå alle kampane, og stem gjerne på avstemminga under bildet.

terminliste 2015

Veteranane sin aften i møte med Inter Bergen

Inter Bergen Heima

5 Div.Avd 3:
Valetrand Hjellvik – Inter Bergen: 4-2 (3-1)
Søn 26 okt, Furubakken Stadion

Mål: 1-0 Pål Kjetil Tufta (16.) , 2-0 Tom Andre Sivertsen (24.) , 2-1 Quinonez (30.) , 3-1 Jonas Hauge (31.) , 4-1 Jonathan Mjøs (65.) , 4-2 Rivera (83.)

Søndag spelte A-laget til VHFK sesongens siste kamp mot dei internasjonale frå Bydn, i storm og regnvær på Furubakken.

VHFK stilte med eit ungt lag med deriblant begge Tangerås brørne og Jonas Raknes frå start. Men det var den eldre garde født på 80-talet som prega 1.omg. Både Pål Kjetil Tufta og Tom Sivertsen scorte dei første måla til VHFK. Deretter reduserte Inter Bergen, men det gjekk berre eit minutt før den tredje eldste på laget, Jonas Hauge satte inn 3-1.

Far og son på bana
Jonathan Mjøs blei bytta inn i 2.omg og gjorde eit fint mål, med skudd frå ca 20 meter, etter å ha dradd av to spelara. Etter at Inter Bergen reduserte til 4-2, skjedde det eit historisk øyeblikk på Furubakken. For første gong spelte ein far og son på bana for A-laget samtidig. B-lags manager og 70-modell, Gisle Raknes blei bytta innpå som spiss, med sonen Jonas på vingen. B-lags manageren jobba hardt med mykje energi dei siste minuttane. Og til slutt kunne han og A-laget sleppa jubelen laus for 3 poeng i siste kampen, og feira at det blir 4.div spel til neste år.

Startellever:
Photo 27.10.14, 17.04.38

Benytta reservar: Jonathan Mjøs og Gisle Raknes.

A-laget sette nye rekordar mot Kalandseid

Kalandseid Borte

Kalandseid – Valestrand Hjellvik: 1-7 (1-5)
Ons 22.Okt 20:00, Kalandseid Idrettsplass

Målscorarar:
0-1: Øyvind Thomassen (7.), 0-2: Magnus Bru Reigstad (13.), 1-2: Kenneth Lavik (30.), 1-3: Thomassen (31.), 1-4: Jonathan Mjøs (39.), 1-5: Reigstad (40.), 1-6: Reigstad (47.), 1-7: Emil Hosøy (86.).

Onsdagskveld var det klart for nest siste kamp for sesongen. A-Laget vant heile 10-0 i forrige møte på heimebane, men også i denne kampen skulle det bli målrikt.

VHFK hadde høgt tempo i 1.omg og køyrde over Kalandseid. Heimelaget var så vidt inne på VHFK sin banehalvdel med kun 2 skudd på mål, og det stod 1-5 til pause.Etter kvila kom Kalandseid litt meir inn i kampen, men VHFK hadde fortsatt full kontroll. Magnus Bru Reigstad fullførte sitt hat-trick med si 1-6 scoring, og Emil Hosøy scorte sitt første mål for A-laget med si 1-7 scoring rett før slutt.

16 åringen, Joakim Tangerås fekk også sin debut på A-laget i denne kampen. Han spelte midtstoppar og gjorde ein solid jobb i lag med Simen Kallekleiv.
Øyvind Thomassen scorte to mål, og har no 14 mål i årets sesong. Han knivar om toppscorartittelen i lag med Kristoffer Bognøy som har 16 mål.

Fleire klubbrekordar rauk også denne kvelden:
Mål på bortebane: 38 mål (36mål i 2009)
Seier på bortebane: 9stk (8stk i 1999,2010)
Antall scoringar totalt: *85mål (78mål i 2009)
*Kan aukast i neste kamp.

Siste kamp for sesongen er heime mot Inter Bergen kl.1600 på søndag.

Inter Bergen