Author Archives: Supporterklubb.com

Lokalderby i Vestlandshallen

Foto: Odd Løvset

Foto: Odd Løvset

På lørdag kl.13:30 skal Valestrand Hjellvik og Osterøy spela treningskamp mot kvarandre i Vestlandshallen.

Begge laga har også spelt kvar sin kamp i Hordalandsfotball sin Vinterserie. Osterøy og VHFK er ikkje i same pulje. Osterøy er i pulje med Gneist,Nymark og NHH 2, og VHFK er i pulje med NBK, Radøy/Manger og Flaktveit.  Osterøy tapte først sin kamp 4-1 heime mot 5 div laget NHH 2, mens VHFK  klarte å slå 4.div laget NBK 2-1 heime på Furubakken. Begge lag har 2 kampar igjen og kan også møta kvarandre i ein eventuell semifinale eller finale i byrjinga av mars, viss dei begge går vidare frå gruppespelet.

Men no brakar det altså laus i Vestlandshallen på lørdag.  Det blir nok ein forrykande kamp mellom to rivalar som absolutt ikkje vil tapa mot kvarandre. I følgje VHFK journalisten, får ein kanskje sjå nye folk på prøvespel for VHFK i tillegg. Berre til å ta turen til Vestlandshallen kl.13:30 og ta med deg alt som kan krypa og gå for å støtta Valestrands mannane!

VHFK Journalisten

 

 

VHFK sesongåpner mot Djerv

øystese vhfk 2011

4 Div menn, Avd 01

Terminlista for  A-laget er no lagt ut på Hordaland fotballkrets sine sider. Valestrand Hjellvik speler sin første kamp for sesongen borte mot Djerv, lørdag 11 april på Møhlenpris i Bergen. Ein bra plass for å heia sidan det er tribune med tak, og fordi det ljomar noko vanvittig i heile nabolaget. Ein fantastisk plass å åpna sesongen på! Første heimekamp er lørdag 18.april, mot Askøylaget Follese på Furubakken.

1295-400x500

Første kamp mot Osterøy er lørdag 20. Juni på Hatland. Heimekampen er satt til 10 Oktober heime på Furubakken, som er nest siste kamp for sesongen. Dei fleste kampane i årets sesong blir spelt på lørdagar.

Funfact: I dag er det nøyaktig 14 år, 5 månader og 18 dagar sidan sist Osterøy tok 3 poeng mot VHFK

Foto: Odd Løvset

Foto: Odd Løvset

Einaste minuset med terminlista er at bortekampen mot Voss er satt til siste kamp i oktober, og på ein søndag. Bortekampen mot Voss hadde passa ypperleg som «Årets bortetur».  Ellers må diskutera muligheita for å legga seg inn på hotell frå lørdag til søndag, viss ein velger denne kampen som årets bortetur. Uansett så blir det ein veldig spennande sesong!

Trykk på bildet for å sjå alle kampane, og stem gjerne på avstemminga under bildet.

terminliste 2015

Ny musikkvideo frå Supporterklubben

supporterklubb youtube
Medan Valestrand Hjellvik ligg i hardtrening til å komma i knallform til årets sesong, er det også litt liv i supporterklubben.

Supporterklubben har nemleg blåst liv i ein god gammal slager frå «Bombay TV»(ekstern link), som supporterar og folk rundt Valestrand Hjellvik var veldig glad i for ein god del år tilbake.

Det var spesielt ein video som blei laga med humor, men som tilslutt blei til ein supportersong som me song på kampane også. Enkelte blei så glade i videoen at dei og lasta den ned på mp3, og spelte den på full guffe på borteturar i tillegg. Den kompliserte dansinga i videoen blei også innøvd.

No har me «pussa den opp» sånn at me kan dra nytte av både song og video i årets sesong.

Avdelingsoppsettet er kommet!

Foto: Odd Løvset

Foto: Odd Løvset

Hordaland fotballkrets har nettopp vedtatt avdelingsoppsettet for neste års 4. og 5.divisjon. Sjå kven A- og B-lags mannane møter i 2015 her:

4 divisjon avd 1 (13 lag)
Baune
Bergen Nord
Djerv
Follese
Fyllingsdalen 3
Nymark (Opp)
Osterøy
Sandviken
Smørås (Ned)
Valestrand Hjellvik (Opp)
Vestsiden-Askøy (Opp)
Voss
Åsane 2 (Ny)

5 divisjon avd 2  (12 lag)
Austevoll 2
Eidsvåg
Fana 2 (Ned)
Flaktveit
Krabbetor
Nordnes
Ny-Krohnborg
Radøy/Manger (Ned)
Skjergard
Sotra 2
Sædalen (Opp)
Valestrand Hjellvik 2 (Opp)

Kva synes du om oppsettet? Skriv gjerne di meining i kommentarfeltet her:

113 000 kr til Valestrand Hjellvik FK

IMG_8381

Det å skaffe inntekter til ein klubb er viktig. Ein av inntektene til dei fleste klubbar, er gjennom Norsk Tipping sin grasrotandel.

Grasrotandelen er veldig enkel. Når ein tipper går 100% av pengane til Norsk Tipping. Men registrerer du f.eks. Valestrand Hjellvik som grasrotmottakar, så går 95% til norsk tipping og 5% til VHFK. Utan att det går ut over din speleinnsats eller eventuell gevinst. Difor er heile ordninga rett og slett genial. Det kjem pengar automatisk innpå konto til organisasjonen som du velger 3 gangar i året.

Valestrand Hjellvik har i år tent over 113 000 kr gjennom grasrotandelen. Dei har i skrivande stund 243 spelarar, men vil gjerne ha fleire. Valestrand Hjellvik Supporterklubb er også registrert som grasrotmottakar, og har 21 spelarar og har fått tent over 5000 kr i 2014.

grasrotandelen-logo2

Av breddeklubbar i Hordaland er kanskje idrettslaget Gneist som er best. Dei har vore flinke å fått folk til å registrera Gneist som sin mottakar. Dei har no 1213 spelarar, og får inn mellom 500 000 – 600 000 kvart einaste år!

Difor er der viktig at folk registrerer ein grasrotmottakar. Det er mange som ikkje har registrert nokon grasrotmottakar i det heile tatt. Og er du ein av dei bør du gjere det med ein gong før det går i gløymeboka. Det tar deg berre ein kalori å gjere det! Og me håpar du vil støtta Valestrand Hjellvik eller Valestrand Hjellvik Supporterklubb med din grasrotandel. Må gjerne spørre venner og familie til å gjere det same.

Du kan bli grasrotgivar på ein av følgjande måtar:

1) Hos kommisjonæren
2) På mobil appen til Norsk Tipping
3) Norsk Tipping sine nettsider
4) SMS, send Grasrotandelen 883867122 til 2020
(Valestrand Hjellvik FK)
eller 996315738 (Supporterklubben)