Author Archives: Per Ole

Valestrand Hjellvik sin største test

vhfk
Lørdag kl.15:00 er det ny heimekamp på Furubakken. Valestrand Hjellvik tar imot opprykksrival Skjergard til sesongens største test.

Det er nemmeleg eit av dei beste heimelaga, som møter laget med den beste bortestatistikken i 5 div avd 01.
VHFK har 3-1-0 på heimekampane sine medan Skjergard har 3-0-0 på bortebane.
Begge lag har like mange kampar spelt, men Skjergard har eit poeng meir enn VHFK. Difor er dette ein svært viktig kamp for begge lag for å kjempa om opprykk til 4 divisjon.

På tide å «fara øve dei»
VHFK har ikkje den mest dominerande statistikken mot Skjergard. 2 seier,3 uavgjorte og 3 tap på 8 kampar sidan 2001.
Den største seieren til VHFK kom i 2001 når det blei 4-0 på bortebane. Største tapet kom i 2002 når det blei heile 7-0 tap i Øygarden, som er det nest største VHFK tapet i historien (største: 8-0 borte mot Staal Jørpeland i 2011).
Sjølv i 2006 når Skjergard enda sist på tabellen og rykka ned frå 4 til 5 divisjon, vant dei 3-1 på Furubakken. Med seier på lørdag vil VHFK avslutta ei 11 års seierstørke mot Skjergard, og vinna sesongens hitill viktigaste kamp.

2001
VHFK-Skjergard 2-2
Skjergard-VHFK 0-4 (Seier)
2002
VHFK-Skjergard 2-6
Skjergard-VHFK 7-0 (VHFK historiens nest største tap)
2003
Skjergard-VHFK 3-3
VHFK-Skjergard 4-2 (Seier)
2006
VHFK-Skjergard 1-3
Skjergard-VHFK 1-1

vhfkSkjergard

Målkalas på Furubakken

 

IMG_8381

Valestrand Hjellvik knuste Erdal IL heile 9-1 i fina været på Furubakken. Valestrandsmannane var ikkje nådige mot laget frå Askøy.

10 år sidan sist
Ein måtte tilbake til 2004 sesongen for å finna sist gong VHFK og Erdal møtte kvarandre. Det året vant Valestrand Hjellvik 4-1 heime og slo Erdal 6-0 borte. Sesongen enda også med nedrykk for Erdal. På den tida spelte også Erdal med raude drakter, men no har dei tatt ein omvendt Cardiff City og har bytta til blå drakter. Om dei har blitt kjøpt opp av ein rik finansmann dei også er uvisst.

Nådelause Valestrandsmanna
Med kun ein 11-manns tropp og ingen innbyttarar såg det stygt ut for Erdal allerede før ballen blei sparka i gong. Øyvind Thomassen og Magnus Bru Reigstad var nådelause i sommarvarmen og putta to kvar.
I  2.omg var det også Bognøy show på Furubakken. Toppscoraren til A-laget scora eit ekte hat-trick på kun 19 min.

Tangerås stjal overskrifta
Det såg lenge ut som om hat-trick Bognøy skulle stjele overskrifta. Men tilslutt var det innbyttar Roy Harald Tangerås, som satte inn sitt første mål for a-laget. Og han feira likegodt med å banka inn eit mål til! Etter heilhjarta innsats i løpet av heile kampen i den intense varmen, kunne Valestrandsmannane jubla for 3 poeng ved kampslutt. Erdal må på si side handla inn nye spelarar i sommarens overgangsvindu, skal dei fortsatt spela i 5.div til neste år.

Funfact: Tangerås var berre 3 år når lagkamerat og fortsatt ungdom å rekna, Pål Kjetil Tufta debuterte på A-laget.

Neste kamp:
VHFK-Skjergard Lørdag 14.Juni kl.15:00

Skjergard

 

Krabbane sikra uavgjort mot slutten

Ei klassescoring og eit staffespark heilt mot slutten, sikra Krabbetor eit poeng i torsdagens kamp mot Valestrand Hjellvik.

Valestrand Hjellvik var best i 1.omg og Kristoffer Bognøy sendte VHFK i ledelsen med 1-0 scoring etter 15 min. Etter pause fortsatte VHFK og dominera kampen, og Pål Kjetil Tufta scorte etter 48 min til 2-0 ledelse. A-laget skapte flest sjansar, men klarte ikkje å drepa kampen fullstendig heilt som dei ønskte.

Istadenfor var det Krabbetor som scorte rett før slutt til 2-1. Det me trudde var eit trøstemål blei avgjerande når Krabbetor også fekk straffe rett etterpå. Straffen gjekk i mål og det var ikkje tid igjen for VHFK å gjera noko med 2-2 resultatet.

«Men då Valestrand Hjellvik hadde inkassert tre poeng, dei tilreisande supporterane song av full hals og storparten av den frammøtte Krabbefansen hadde gått heim, skjedde det noko artig på Nygårdsmyren.»(sitat: Krabbetor.com)

Dette var a-laget sin siste bortekamp før ferien. Ein kan ikkje seie nok på innsatsen til laget. VHFK dominerte og kjempa igjennom heile kampen, og var rett og slett uhelding som ikkje tok med seg 3 poeng.  No ventar tre strake heimekampar mot Erdal, Skjergard & Kalandseid. Då er det berre til å ta med seg VHFK skjerfet og møta opp på Furubakken, for å hjelpa Valestrandsmannane på vegen til 4.divisjon!

View this post on Instagram

Alt er mulig i 5.div! #VHFK

A post shared by VALESTRAND HJELLVIK SUPPORTERK (@supporterklubb) on

Møter Krabbetor for første gong

Krabbetor FK

Torsdag speler A-laget borte mot Krabbetor FK på Nygårdsmyren i Laksevåg. Dette er første gong i historia at a-laget til Valestrand Hjellvik skal spele mot Krabbetor. 

Krabbetor Fotballklubb har tilhald i Bergen, med utspring i miljøet av studentar og likesinna frå Dalsfjordområdet. (Krabbetor.com)

Krabbetor har ein ganske artig statistikk. Fordi laget har sidan dei blei stifta i 2007 enten rykka opp eller rykka ned.

2008: Opprykk til 6.div, 2009: Opprykk til 5.div, 2010: Opprykk til 4.div, 2011: Nedrykk til 5.div, 2012: Nedrykk til 6.div, 2013: Opprykk til 5.div.

Mitt tips er at Krabbetor verken rykker opp eller rykker ned i år, og vil spele i samme divisjonen to år på rad for første gong.

VHFK er i scoringsform og har 10-0 på dei to siste kampane. Krabbetor scorar masse mål dei også, men har sluppet inn nesten like mykje. Så det blir ny og spennande kamp på Nygårdsmyren torsdag kl.20:00.

Ta gjerne turen for å støtta heltane i svart og kvitt!

VHFK 2 slo endeleg Fotlandsvåg

B laget Fotlandsvåg il

Furubakken: VHFK 2 – Fotlandsvåg IL 3-1 (1-0) Publikum: ca 110

1-0 Jonas Hauge, 2-0 Henrik Horsås, 2-1 Aleksander Vik (FIL), 3-1 Daniel Johansen

B-laget hadde ikkje vunnet heime mot Fotlandsvåg sidan 2006, og klarte endeleg å få sin seier søndagskveld. Ein Jonas Hauge i scoringsform kombinerte flott med Henrik Horsås, og gav VHFK ledelsen rett før pause. To minutter ut i 2.omg sendte Horsås VHFK opp i 2-0 ledelse. Ikkje lenge etterpå var det Fotlandsvåg sin tur. Aleksander Vik klinte ballen i krysset, og det stod 2-1. Daniel Johansen blei siste målscorar med si 3-1 scoring. Fotlandsvåg hadde også ein stor sjanse nokre minuttar før slutt, når Øyvind Tysse var aleine igjennom. Men heldigvis stoppa keeper Stian Grane Vassdal skuddet, som også gjorde det veldig bra mellom stengene til b-laget i dag. B-laget kjempa hardt gjennom heile kampen og tok tilslutt ein velfortjent seier.

Dette var også b-laget sin 3 strake seier, som no ligg på 4.plass i 6.div avd.04. Neste kamp: Tirsdag 3 Juni mot Tertnes 2 kl.20:00 på Åstveit.