Author Archives: Eivind Martin

Pressemelding VHSK VS VHFK

IMG_1097Pressemelding: Årets viktigaste kamp; Vhsk -Vhfk, blir spelt lørdag  08.11 2014kl. 12.23. Obs! Nytt tidspunkt i år.
Det blir vanlige reglar og ca. 2×20 min.

Supporterlaget skal sjølvsagt ha ei trening før kampen, dersom været blir betre. Det kjem nok Manager Van Emil «Gal» Hartveit med nærmare beskjed om. Ein av dei store spelarane frå fjorårets kamp, Jonas Kong-Zahl har visstnok vorte tiltenkt ei svært sentral rolle i årets kamp, utan at manageren vil røpa meir om det.

Det skal jo også velgast fire straffeskyttara som skal ta straffene før kampstart for å utjevne divisjonsforskjellen, og det kan være at det er i forbindelse med dette at Kong-Zahl sitt navn er blitt nevnt.

IMG_5992

I år har som kjent A-laget stjelt fleire supportara i kampen for opprykk. Dei får sjølvsagt ikkje lov å bruke desse spelarane i denne kampen. I utgangspunktet har A-laget i følge regelverket kun lov å nytta spelara som har starta kamp for A-laget i frå seriestart og fram til 1. september. Her kan A-laget til ein viss grad søke om dispensasjon og til ein endå vissare grad få innvilga søknad. Dersom dei ikkje får innvilga søknad kan dei ta ein Loddefjord/NBK men protesten vært mest sannsynlig automatisk makulert pga bevisets stilling.

IMG_6028

Årets dommar vært satt opp av FIFA få timer før kamp. Dette for å unngå at A-laget skal bestikke dommaren, som var tilfelle fleire år på rad då Super-Ray var lagleder. Det har i ettertid kome fram at det visstnok skal ha vore Paal Maal som skal ha gått bak ryggen på lagledaren og forsynt dommaren med allslags herlighetar og overdådige freistingar. At det no er nettopp nevnte Hr.Maal som er lagledar gjer sjølvsagt sitt til at FIFA vel å halda korta heilt innåt nussen.

IMG_6048

Det er mykje spørsmål og ikkje på langt nær like mange svar; Kan dette være eit år for historiebøkene? Kan Vhfk for fyrste gong i historien ta med seg pokalen? Er Vhsk svekka grunna dårlig treningsgrunnlag?
Vært da linjedommara? Får Tom «Saksespark» Sivertsen rødt kort før kampstart pga at han et opp all frukten?
Uansett; Må kobma. Da va altså samme dag som Årets Fest i Kongshall. Tidspunkt for kampstart: 12.23.

Vyrdsam helsing
Funderande hjelpalaustrenar,
Pressemelding- og Juice -ansvarlig,

McArno The Kanel

Advertisements

Avsteming

Viktig seier mot Smørås 2

VHFK møtte Smørås 2 i kveld og begge lag var sulten på 3 poeng. Kampen starta mørkt for VH sin del da Smørås putta 0-1 etter 10 min spelt. 
Men det tok ikkje lang tid før VH svara, då Øyvind Thomassen utlikna til 1-1.
VH tok meir styringe i kampen og viste kem som var sjef utpå bana og kunne gå til pause med ein god følelse.
2. Omg starta bra, VH heldt presset og kjem til fleire gode sjansa. Etter cirka 5 minutt spelt setter Kristoffer Bognøy inn 2-1 målet og VH får uttelling for jobbinga.
Etter 60 minutter spilt får Øyvind Thomassen nok ein gang ballen i mål og VH leder fortjent 3-1.

Dette resultatet stod seg kampen ut, ein god kamp der VH jobba intenst og Smørås fekk det vanskelig på Furubakken ikveld.

Pål Tufta, Daniel Johansen og Øyvind Revheim fekk innhopp dei siste minuttane av kampen.
God innsats av alle mann!

Lagoppstillinga:

Kristian Birkeland
Lars B Reigstad
Simen Kallekleiv
Trygve Bru
Morten Frøland
Kristoffer Bognøy
Tom Sivertsen
Magnus Bru
Jonathan Mjøs
Jonas Hauge
Øyvind Thomassen

Valestrand Hjellvik med enkel seier

Valestrand Hjellvik møtte idag Autevoll 2 på ein ganske regnfull Furubakken. Kampen begynnte klokka 16.10 og det tok ikkje lange tida før VH viste gode takter. Etter kun 3 minutter spelt varter Jonas Hauge opp med ei flott scoring der han satte ballen enkelt i mål fra 7-8 meters hold. Etter dette blei det duka for Jonathan Mjøs-show, den hurtige VH vingen noterer seg for 2 mål ei stund seinere, siste målet kom ved eit herligt innlegg av Øyvind Thomassen over forsvar og Mjøs setter ballen i mål på heilvolley og Valestrand leder komfortabelt 3-0. 
Austevoll får eit trøstemål uti omgangen, men Kristoffer Bognøy slukker den lille gleden og setter det fjerde målet til VH før pause, alstå 4-1 etter 45 minuttar spelt.

I 2. Omgang skjer det ikkje mykje, VH styrer kampen og det kan sjå ut til at lufta har gått litt ut av Austevoll 2 spelarane.
Med 3 bytter i pausen klarar VH å halde oppe trykket stort sett. Jonathan Mjøs, Ole-Kristian Holmedal og Stein Øverli blei bytta ut mot Nasser Dakdouka, Daniel Johansen og Øyvind Revheim.
Midt uti 2. Omgang noterer Daniel Johansen seg for eit flott mål der han dundrer ballen kontant i hjørnet fra 12 meters hold, vakkert!
Jonas Hauge får fortjent applaus fra supporterane når han blir bytta ut mot Jonas Raknes kort tid etterpå, flott innsats av Valestrands-gutten.

Austevoll får ein mann utvist etter 2 gule kort.

Valestrand får straffe 10 minuttar før slutt, men Kristoffer Bognøy klarte ikkje å setta straffen desverre. Godt keeper-spill kan nevnast også.

Friskt pust av ung-gutta som får speletid i denne kampen, mykje å gleda seg til framover!
No ventar Askøy borte den 29. August klokka 19.30, me går for 3 poeng der også, møt opp!

VH start 11er:

                                                Kristian Birkeland

         Stein Øverli       Simen Kallekleiv       Trygve Bru      Morten Frøland

       
      Øyvind Thomassen    Magnus Bru   Ole-Kristian Holmedal   Jonathan Mjøs

                                    Jonas Hauge   Kristoffer Bognøy

vhfkAustevoll IK