Fjoråret gav oss mange gode minner og no er planlegginga av 2016 sesongen i full gang.
Første fase er sjølvsagt medlemskap, og alle betalande medlemmar i 2015 har no fått faktura for 2016 på enten e-mail eller i posten. Var du medlem i fjor og har ikkje fått faktura, eller lurer på noko angåande medlemskap? Ta kontakt her.
Har du ikkje vore medlem før, men vil gjerne støtta supporterklubben sitt arbeid med å skapa engasjement rund VHFK sine kampar, kan du enkelt melda deg inn på «Bli Medlem” sida vår. Eit enkelt medlemskap kostar kun 125kr og 250kr for familiemedlemskap.
I fjor hadde me 132 betalande medlemmar og målet for 2016 er å komma opp igjen på 200-talet igjen. Valestrand Hjellvik Supporterklubb er Hordalands nest største supporterklubb, etter Brann Bataljonen.
Så kort oppsummert: Meld deg inn i supporterklubben, peis!