Valestrand Hjellvik med enkel seier

Valestrand Hjellvik møtte idag Autevoll 2 på ein ganske regnfull Furubakken. Kampen begynnte klokka 16.10 og det tok ikkje lange tida før VH viste gode takter. Etter kun 3 minutter spelt varter Jonas Hauge opp med ei flott scoring der han satte ballen enkelt i mål fra 7-8 meters hold. Etter dette blei det duka for Jonathan Mjøs-show, den hurtige VH vingen noterer seg for 2 mål ei stund seinere, siste målet kom ved eit herligt innlegg av Øyvind Thomassen over forsvar og Mjøs setter ballen i mål på heilvolley og Valestrand leder komfortabelt 3-0. 
Austevoll får eit trøstemål uti omgangen, men Kristoffer Bognøy slukker den lille gleden og setter det fjerde målet til VH før pause, alstå 4-1 etter 45 minuttar spelt.

I 2. Omgang skjer det ikkje mykje, VH styrer kampen og det kan sjå ut til at lufta har gått litt ut av Austevoll 2 spelarane.
Med 3 bytter i pausen klarar VH å halde oppe trykket stort sett. Jonathan Mjøs, Ole-Kristian Holmedal og Stein Øverli blei bytta ut mot Nasser Dakdouka, Daniel Johansen og Øyvind Revheim.
Midt uti 2. Omgang noterer Daniel Johansen seg for eit flott mål der han dundrer ballen kontant i hjørnet fra 12 meters hold, vakkert!
Jonas Hauge får fortjent applaus fra supporterane når han blir bytta ut mot Jonas Raknes kort tid etterpå, flott innsats av Valestrands-gutten.

Austevoll får ein mann utvist etter 2 gule kort.

Valestrand får straffe 10 minuttar før slutt, men Kristoffer Bognøy klarte ikkje å setta straffen desverre. Godt keeper-spill kan nevnast også.

Friskt pust av ung-gutta som får speletid i denne kampen, mykje å gleda seg til framover!
No ventar Askøy borte den 29. August klokka 19.30, me går for 3 poeng der også, møt opp!

VH start 11er:

                                                Kristian Birkeland

         Stein Øverli       Simen Kallekleiv       Trygve Bru      Morten Frøland

       
      Øyvind Thomassen    Magnus Bru   Ole-Kristian Holmedal   Jonathan Mjøs

                                    Jonas Hauge   Kristoffer Bognøy

vhfkAustevoll IK

Advertisements

Skriv ein kommentar!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s