Målkalas på Furubakken

 

IMG_8381

Valestrand Hjellvik knuste Erdal IL heile 9-1 i fina været på Furubakken. Valestrandsmannane var ikkje nådige mot laget frå Askøy.

10 år sidan sist
Ein måtte tilbake til 2004 sesongen for å finna sist gong VHFK og Erdal møtte kvarandre. Det året vant Valestrand Hjellvik 4-1 heime og slo Erdal 6-0 borte. Sesongen enda også med nedrykk for Erdal. På den tida spelte også Erdal med raude drakter, men no har dei tatt ein omvendt Cardiff City og har bytta til blå drakter. Om dei har blitt kjøpt opp av ein rik finansmann dei også er uvisst.

Nådelause Valestrandsmanna
Med kun ein 11-manns tropp og ingen innbyttarar såg det stygt ut for Erdal allerede før ballen blei sparka i gong. Øyvind Thomassen og Magnus Bru Reigstad var nådelause i sommarvarmen og putta to kvar.
I  2.omg var det også Bognøy show på Furubakken. Toppscoraren til A-laget scora eit ekte hat-trick på kun 19 min.

Tangerås stjal overskrifta
Det såg lenge ut som om hat-trick Bognøy skulle stjele overskrifta. Men tilslutt var det innbyttar Roy Harald Tangerås, som satte inn sitt første mål for a-laget. Og han feira likegodt med å banka inn eit mål til! Etter heilhjarta innsats i løpet av heile kampen i den intense varmen, kunne Valestrandsmannane jubla for 3 poeng ved kampslutt. Erdal må på si side handla inn nye spelarar i sommarens overgangsvindu, skal dei fortsatt spela i 5.div til neste år.

Funfact: Tangerås var berre 3 år når lagkamerat og fortsatt ungdom å rekna, Pål Kjetil Tufta debuterte på A-laget.

Neste kamp:
VHFK-Skjergard Lørdag 14.Juni kl.15:00

Skjergard

 

Advertisements

Skriv ein kommentar!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s