Krabbane sikra uavgjort mot slutten

Ei klassescoring og eit staffespark heilt mot slutten, sikra Krabbetor eit poeng i torsdagens kamp mot Valestrand Hjellvik.

Valestrand Hjellvik var best i 1.omg og Kristoffer Bognøy sendte VHFK i ledelsen med 1-0 scoring etter 15 min. Etter pause fortsatte VHFK og dominera kampen, og Pål Kjetil Tufta scorte etter 48 min til 2-0 ledelse. A-laget skapte flest sjansar, men klarte ikkje å drepa kampen fullstendig heilt som dei ønskte.

Istadenfor var det Krabbetor som scorte rett før slutt til 2-1. Det me trudde var eit trøstemål blei avgjerande når Krabbetor også fekk straffe rett etterpå. Straffen gjekk i mål og det var ikkje tid igjen for VHFK å gjera noko med 2-2 resultatet.

«Men då Valestrand Hjellvik hadde inkassert tre poeng, dei tilreisande supporterane song av full hals og storparten av den frammøtte Krabbefansen hadde gått heim, skjedde det noko artig på Nygårdsmyren.»(sitat: Krabbetor.com)

Dette var a-laget sin siste bortekamp før ferien. Ein kan ikkje seie nok på innsatsen til laget. VHFK dominerte og kjempa igjennom heile kampen, og var rett og slett uhelding som ikkje tok med seg 3 poeng.  No ventar tre strake heimekampar mot Erdal, Skjergard & Kalandseid. Då er det berre til å ta med seg VHFK skjerfet og møta opp på Furubakken, for å hjelpa Valestrandsmannane på vegen til 4.divisjon!

Alt er mulig i 5.div! #VHFK

A post shared by Valestrand Hjellvik (@supporterklubb) on

Advertisements

Skriv ein kommentar!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s